torsdag 25. mars 2010

PARADIS!


Walk like an Egyptian Dei norske jentene Oya


Ingvild og Kari-Anne Jonas og Ellen

Hei Hei!
Etter ein 19 timars lang busstur var det fem troytte ansikt som gjekk ut av bussen i Cancun. Der drog me fort vidare til havna der ferja til Isla Mujeres (jentenes oy) gaar fraa.
Etter 20 minutt paa lyseblaatt hav var me framme paa oya som me alle skulle bli saa glade i.
PARADIS. Det er fantastisk vakkert her. Strendene er krittkvite og havet turkist. Hostellet me bur paa er kaara til den beste hostellet i Mexico og har ein utruleg fin atmosfaere og er fylt eg masse kjekke folk.
I gaar motte Ingvild heilt tilfeldig Kari-Anne som er venninne av veslesyster Marie, Small world!
Ho reiste saman tre jenter og kjente hostellet og oya inn og ut, noko som me har benytta oss av. :) Kjekt aa mota kjentefolk.
I gaar vart det fest paa den lokale strandbaren og i dag har me vore paa stranda og kosa oss-. lir trist aa reise herifraa, men neste stopp, Cuba fristar ogsaa.
Saknar alle dykk der heime.
I, S og J

Puerto Escondido!










Me har vore litt daarlege paa bloggfronten i det siste. Grunnen til det er at feriedelen av reisa vaar har starta. Me tok nattbussen til Puerto Escondido, noko som skulle vise seg aa vere ein svaert lang, kald og svingete tur. Me kom oss heilskinna i fraa det og steig ut i fraa kald air-conditionluft i bussen til varm, fuktig luft i Puerto. Herlig!




Dagen etter kom Ellen og Unn- Elisabeth som skal vere del av vaart reisefylgje resten av turen. To koselege jenter :)http://chicasmexico.blogspot.com/2010/03/paradis.html Her kan de lese litt paa deira blogg.


I puerto gjekk dagane veldig fort og me tilbrakte mesteparten av tida paa stranda der me baade surfa, bada, sola oss og slappa va. Om kveldane var me ute og kosa oss med god mat og god drikke. Livet er herlig dere!
Som de skjonnar har me det veldig bra.
Me bloggast!

mandag 8. mars 2010

Tur til Tlahuioltepec!

Torsdag i førre veke pakka me sekken og vendte snuten mot fjella og Tlahuioltepec, musikaranes landsby. Med oss i reisefylgjet var Robert, tolken vår. Etter nærmare tre timar på svingete vegar(minnar om sundalsøra eller skjervet for dei som er kjent med desse stadane) i ein trong taxi var me framme.


Tlahuioltepec er ein liten idyllisk landsby som strekkjer seg oppover bratte fjellsider. At landsbyen er musikaranes landsby var noko me snart fekk merke. Då me tidlegare hadde fått høyre dette såg me for oss koselege gatemusikantar på gatehjørnene som spelte gitar og song romantiske ballader, men den gang ei. Denne landsbyene er kjent for dei ulike korpsene sine som speler høgt, ikkje alltid like fint og til langt på natt.
"Maria Garcia, Maria Garcia telefono para Maria Garcia"! Etter ti minutt i landsbyen vart dette utsagnet ropt ut over høgtalaranlegget som ein høyrde kor enn i landsbyen ein var. Me fekk forklart at dette var fordi dei kun hadde eit par telefonar i landsbyen og når nokon vart oppringt ropte dei opp navnet over høgtalaren slik at personen det gjaldt kunne skunde seg til telefonapparatet. Moro! :)

På biletet øverts til venstre kan de sjå den lokal spelebula, dvs 4 flipperspel som ein visstnok kunne vinne pengar på. Ingvild prøvde dei ut,utan hell.
På førehand hadde me fått vite at me skulle bu hjå ei dame som heitte ms.Nazarea, men det viste seg at ho ikkje var så lett å få tak i. Dette var dessutan den einaste plassen det var mogeleg å overnatte i landsbyen. Medan me venta på at ho skulle komme fekk me eit tips om at me burde reise til rådhuset og presentere oss. Me vart vist inn på eit stort kontor og måtte etter tur og orden skriva oss inn i gjesteboka . Etter det fortalde me kvifor me var i landsbyen og om prosjektet vårt. Me vart godtatt!
Då me kom attende til huset til Nazarea var ho heldigvis på plass og me fekk sjå romma som skulle vere heimen vår den natta. Me kan ikkje akkurat sei at me velta oss rundt i luksus, romma var av svært enkel standard, bebudd av både oss og insekt. Putene til Ingvild og Siri hadde svarte hår som tydeligvis var lagt igjen av dei forrige som hadde sove der. Kanskje ein smule skeptiske og litt skuffa over standarden drog me inn mot "sentrum" for å finne ein stad å ete.
Restauranten Pizzas cowboy vart stamstaden vår. Desverre hadde dei ikkje noko pizza å by på, men veldig gode tacos. Då me spurte om dei hadde kylling insiterte dama som eigde Pizzas cowboy på å kjøpe inn kylling slik at me kunne ete det dagen etter, for ein service!
Den dagen hadde me to intervju, eit med rektoren på den tospråklege skulen og eit med rektoren på ein vanleg skule. Intervjua gjekk greit, men me var litt skuffa over rektoren på den tospråklege skulen då han sat å gjespa og gnei seg i andlete under intervjuet. Me hadde håpe han skulle vere litt meir entusiastisk då grunnen til at me var komen til landsbyen var akkurat denne skulen. Heldigvis fekk me avtalt ein intervju og oberservasjon neste dag.

Kvelden tilbragte me på Pizzas cowboy og på romma(som viste seg "merkeleg" nok å ikkje vere isolert) med meksikanske kortspel som Robert lærde oss.
Natta var veldig kald (kanskje 12 grader) , fylt med korpsmusikk til langt på natt, hanar,kalkunar, hundar og andre dyr me ikkje klarte å identifisere. Det vart ikkje så mykje søvn.

Dagen etter reiste me tilbake til den tospråklege skulen der me vart mottatt av ein lærar som hadde alt det engasjementet som rektoren mangla, og me fekk mykje viktig informasjon til oppgåva vår. Me fekk omvisning på skulen og intervju med elevar. Me var svært nøgde.

Ingvild og Siri hadde eigentleg planar om å vere i landsbyen ein ekstra dag, men på grunn av lite søvn og lite klær bestemte dei seg for å reise heim saman med Jonas, med halen mellom beina.
Besøket i landsbyen vart avslutta med nokon fantastiske gode kyllingtacos på Pizzas cowboy. :)

Alt i alt var alle einige om at det hadde vore ein fin tur, men at ei natt var nok.

I dag reiser me til stranda, Puerto Escondido. Me gler oss stort, skal bli så godt med ferie.
Ellers har me det veldig bra, no skal me ut å nyte den siste dagen i Oaxaca.

Ingvild,Siri og Jonas.





Verdens største tre!

Ein ettermiddag i forrige veke sa Siri: ÅÅÅÅÅ Ingvild, I kjede meg sånn. Kan vi ikkje finne på no? (dårlig moldedialekt-etterlikning). Ingvild: Kan ikkje me reisa å se på da treet? Siri: ok.
Og så gjorde dei det.
Etter ein taxitur i megafart og ein omveg på 10 minutt då me var halvveis overbesvist om at me vart kidnappa kom me fram til Verdens største tre "El tule".
Me betalte 5 pesos for å komma inn(ca 2,50 kr) og følte oss veldig heldige som fekk sjå verdas største tre (har eg skrevet det før?)
Treet var i grunn ganske så stort og ganske så fint, me vart litt imponert. Det vert sagt at treet er 40 meter i omkrets, berre for å nemne nokon funfacts.
Me spurte nokon om dei kunne ta bilde av oss foran treet, dei var veldig flinke og fekk med litt av treet iallefall :)
Etter me hadde vore der i 15 minutt og gått rundt treet to gonger fann me ut at me hadde sett nok. 
Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Neste innlegg skal me prøva å lurt med Jonas. :) 

Alt er bra, hipp hurra!

Ingvild, Siri og Jonas.

søndag 7. mars 2010

Hierve el Agua!

Ein dag i forrige veke tok eg turen innom Paradise hotell!
(neidå). Hierve el Agua heite denne utruleg vakre plassen som ligg ca to timar utdanfor Oaxaca. Midt imellom bratte fjellsider ligg  noko som liknar på kvite svaberg med lyseblå kulpar med behageleg badetemperatur.

så litt posing!

Sidan Siri og Jonas ikkje var heilt i form den dagen reiste eg sammen med jentene på "tekstil-gruppa".  Marte, Cecilie, Ellen og Unna ! Me reiste sammen med nokon lokal gutar som køyrde oss rundt og gav oss litt local information. Moro!


 Var utruleg deilig å komma seg litt bort i frå byen og få litt vatn og sol på kroppen. 
Så, neste gong du er i nærleiken av utkanten av Oaxaca, reis hit!

Hasta luego.
Ingvild. :)

søndag 28. februar 2010

Garasjen


Her kjem endeleg eit innlegg om den omtalte "garasjen". Namnet skjønar dei fleste utdan nærmare forklaring. Denne sjarmerande vesle sjappa ligg i same gate som me bur, ca 50 meter i frå hostellet.


Dama som eig Garasjen driv den saman med sine to døtre (sjå over ;)). Ho i grøn gensar snakkar veldig godt engelsk og syns det er stas å øve seg på oss. Dei tar alltid smilande i mot oss og serverer oss fantastisk god lokal mat som dei tilbereder slik de ser dei gjer på bileta.


Her kan de sjå Siri og Ingvild der sei set til livs kvar sin Tlayuda, som er noko vanskeleg å ete med den lokal Oaxacaosten (stringcheese) som ofte vert hengande utanfor munnen. Me hadde ikkje noko bilete av Jonas på Garasjen, men me tok med eit anna bilde der han skal ha i seg eit anna herremåltid.


Ellers....
Ikkje for å skryte, men me har sol og ca.30.grader. SOL!!! :)


Innlegg som kjem på bloggen snart som de kan gleda dykk til:
Ingvild sin tur til Hierve Agua ( Siri og Jonas var slitne og sjuke).
Tur til landsby (me reiser på torsdag og gler oss veldig)
Det var det me kom på i slengen, kjem heilt sikkert meir.


Håpar alt fortsatt er bra der heime. Er kjempekoseleg med alle dykk som les , og kommenterar på bloggen.
Me saknar dykk!

Hasta la vista
I, S y J

tirsdag 23. februar 2010

Kvardagsliv


Mais! Eller Maiis som Siri seier har vorte ein storfavoritt her nede. Lokalt heiter det helotes og det smakar vedunderleg! Det er kokt mais med majones, ost, chili og lime på. Kvifor sel dei ikkje dette som nattmat i Norge?

(nesten) kvar kveld stiller me oss opp i kø framføre maismannen si vogn rett nedi gata. Me har vorte stamgjestar. :)


På søndag reiste til me til eit marked som var i ein liten landsby ca 30 min unna." Thlacolula". Me køyrde shared taxi i stor fart medan me høyrde på kjekke spanske slagers!


 
Me åt tostados, sprø tortilla med avocado, moste bønner, tomat, ost og salsa. Godt! Og møtte på søte markedsdamer som selde fine skjerf, men som og hadde ein kalkun bunde fast under bordet. Når me spurte om å få ta bilde vart det mykje latter, og endå meir latter då ho ville at Ingvild skulle halde kalkunen. (ingvild turte ikkje).



På markedet var det mykje fint å sjå på. Markedet er fast kvar sundag og folk frå ulike landsbyar rundt kjem for å selga varene sine.  Over store delar av markedet hadde dei hengt opp preseningar som skal holde sol og evt regn unna. Desse preseningane var ikkje tilpassa til Jonas... ;)

Ellers så har me det veldig bra! Fortsatt litt småsjuke, men me held motet oppe. Me kjenner ikkje så mykje på ol-stemninga. Her i Mexico har dei kun ein utøvar til vinter-ol og han er halvt tysk, det gjer det vanskeleg å skryte av Norge.

Saknar alle dykk der heime, og håpar de har det bra.

Saludes 
Ingvild, Siri y Jonas.