søndag 28. februar 2010

Garasjen


Her kjem endeleg eit innlegg om den omtalte "garasjen". Namnet skjønar dei fleste utdan nærmare forklaring. Denne sjarmerande vesle sjappa ligg i same gate som me bur, ca 50 meter i frå hostellet.


Dama som eig Garasjen driv den saman med sine to døtre (sjå over ;)). Ho i grøn gensar snakkar veldig godt engelsk og syns det er stas å øve seg på oss. Dei tar alltid smilande i mot oss og serverer oss fantastisk god lokal mat som dei tilbereder slik de ser dei gjer på bileta.


Her kan de sjå Siri og Ingvild der sei set til livs kvar sin Tlayuda, som er noko vanskeleg å ete med den lokal Oaxacaosten (stringcheese) som ofte vert hengande utanfor munnen. Me hadde ikkje noko bilete av Jonas på Garasjen, men me tok med eit anna bilde der han skal ha i seg eit anna herremåltid.


Ellers....
Ikkje for å skryte, men me har sol og ca.30.grader. SOL!!! :)


Innlegg som kjem på bloggen snart som de kan gleda dykk til:
Ingvild sin tur til Hierve Agua ( Siri og Jonas var slitne og sjuke).
Tur til landsby (me reiser på torsdag og gler oss veldig)
Det var det me kom på i slengen, kjem heilt sikkert meir.


Håpar alt fortsatt er bra der heime. Er kjempekoseleg med alle dykk som les , og kommenterar på bloggen.
Me saknar dykk!

Hasta la vista
I, S y J

tirsdag 23. februar 2010

Kvardagsliv


Mais! Eller Maiis som Siri seier har vorte ein storfavoritt her nede. Lokalt heiter det helotes og det smakar vedunderleg! Det er kokt mais med majones, ost, chili og lime på. Kvifor sel dei ikkje dette som nattmat i Norge?

(nesten) kvar kveld stiller me oss opp i kø framføre maismannen si vogn rett nedi gata. Me har vorte stamgjestar. :)


På søndag reiste til me til eit marked som var i ein liten landsby ca 30 min unna." Thlacolula". Me køyrde shared taxi i stor fart medan me høyrde på kjekke spanske slagers!


 
Me åt tostados, sprø tortilla med avocado, moste bønner, tomat, ost og salsa. Godt! Og møtte på søte markedsdamer som selde fine skjerf, men som og hadde ein kalkun bunde fast under bordet. Når me spurte om å få ta bilde vart det mykje latter, og endå meir latter då ho ville at Ingvild skulle halde kalkunen. (ingvild turte ikkje).



På markedet var det mykje fint å sjå på. Markedet er fast kvar sundag og folk frå ulike landsbyar rundt kjem for å selga varene sine.  Over store delar av markedet hadde dei hengt opp preseningar som skal holde sol og evt regn unna. Desse preseningane var ikkje tilpassa til Jonas... ;)

Ellers så har me det veldig bra! Fortsatt litt småsjuke, men me held motet oppe. Me kjenner ikkje så mykje på ol-stemninga. Her i Mexico har dei kun ein utøvar til vinter-ol og han er halvt tysk, det gjer det vanskeleg å skryte av Norge.

Saknar alle dykk der heime, og håpar de har det bra.

Saludes 
Ingvild, Siri y Jonas.

Salsa baby!



Jonas dro med seg alle jentene på salsacluben "Candela" i forrige veke. (Eller var det omvendt?).
Etter å ha inntatt middag som einaste gjester i lokalet var me litt skeptiske til korleis kvelden skulle ta form. Litt utover kvelden, medan me framleis var åleine i lokalet vart me tilbudt Salsakurs av ein av dansarane. Jonas avslo rakst, medan me andre bestemte oss for å gi dei stive kroppane våre eit forsøk.
Jonas tok ein tidlig kveld, mens me jentene dansa ut i dei seine nattetimar.( til klokka 12) :)
Kjekt var det iallefall!

torsdag 18. februar 2010

Hola Amigos!

Sidan sist bloggoppdatering har me vore mykje på farta. Me flytta frå vårt flotte hotell til eit nabohus, der me budde hjå ein familie. Dette var fordi hotellet vårt allerede hadde booka vekk den helga før me bestilte.Der me budde hadde dei eit gigantisk hus med store rom og ein svær terasse. Oppholdet i huset hadde kanskje vore endå bedre om me hadde dør inn til badet som me delte ;).
Enerique(den vetle) var ganske så ivrig etter å henga sammen med oss. Om det var fordi han ville vere god vert eller om han syns det var kult å henga med oss "kvite" veit me ikkje. Han tok oss med på liten restaurant som kompisen hans jobba på og me fekk smaka på mange meksikanske delikatesser. På kvelden presenterte Jonas nokon litt sterkare drikkevarer for Enrique noko me andre fekk morsom underhaldning ut av.

Sjølv om me hadde det fint i det store huset var det kjekt å komme tilbake til Hotellet vårt på søndag. Etter det har me hatt ganske mykje å gjera med prosjektet vårt. Me har hatt tilsammen 4 intervju no og me kan begynna å sjå konturane av korleis oppgåva vil bli.
I går var me og intervjua nokon lærarar som jobbar med eit proskjekt i ulike landsbyar utanfor Oaxaca. Dei var veldig søte. Dei viste oss ein film om prosjektet og når dei såg seg sjølv på skjermen holdt dei på å le seg i hel! Ganske så morsomt for oss og.



Her er me på organisk marked (rett ved der me bur) og drikk fantastisk god kaffi.




Me har fått oss ein "stamplass" kor me bruke å gå for å ete på kveldane. Me kalle plassen "garasjen". Det ser ut som ein garasje, men inni lage dei fantastisk gode rettar(tacos, tlaydas og anna) til ca.5-10 norske kroner. Skal legga ut bilder seinare.

Me har det etter forholdene ganske bra. Alle tre har vore litt småsjuke, nokon meir enn andre. Men no er alle stort sett friske som nokon fiskar.

I dag har det faktisk regna litt her, men me skal ikkje klaga. :) Det er meldt sol og 25 grader til helga. I kveld skal me mest sannsynlig på ein salsa-uteplass, det glede meg oss veldig til. Jonas glede seg til å se på.








Me savne alle kjente og kjære og syns det er mucho mucho kjekt med komentarar på bloggen!

Helsing frå Ingvild, Siri og Jonas!

torsdag 11. februar 2010

Framme i Oaxaca!



Tirsdag tilbrakte me seks og ein halv lange timar i ein ganske så flott buss på veg frå Mexico by til Oaxaca. Bussturen var prega av snorkande meksikanarar, fin natur, kjedelig natur, eit hav av kaktusar og ein film om ein sjøorm dubba til spansk. Då me endeleg kom fram til Oaxaca var det mørkt og me var ganske slitne. Me fann vegen til hotellet som var over alle forventningar og vart møtt av ei koseleg dame som snakka masse spansk til oss. Me nikka og sa "si", utan heilt å vite kva me sa ja til, mest fordi "si" er eit av dei få spanske ordene me kan. Det gjekk iallefall bra og Ingvild og Jonas fekk prøvd ut ein lokal delikatesse før dei la seg. Kokt mais med majones, meksikansk ost, chili og lime. Nam!
Dagen etter våkna me tidleg, drog ned på butikken på hjørnet og kjøpte litt frukost. Frukosten inntok me på hotellet sin fantastisk flotte takterasse med sol og utsikt over heile Oaxaca. Etter frukost kom Eduardo som er feltarbeid-kontakten vår. Han snakka litt om byen, gav oss tips og liknande. Etter det møtte me tolkane som me skal bruke på feltarbeidet.(veldig spennande).

Så tok me turen ned mot sentrum av Oaxaca by for å utforska og å bli litt kjent i byen som skal vere heimen vår i 5 veker. Me kan ikkje sei anna enn at me vart positivt overraska. Byen er rett og slett vakker. Med fargerike bygg, brustein-gater, smilande meksikanarar og historiske bygningar.

På kvelden møtte med Eduardo igjen for å snakka litt om temaet for feltarbeidet. Han hadde arrangert eit intervju for oss dagen etter allereie, og me kjente på nervøsiteten og måtte starte å førebu oss litt.

Jonas vart den heldige til å leie intervjuet som var med ein antropolog som jobbar med utdanning for urbefolkning i Oaxaca. Litt skjelvne drog me torsdag morgon saman med tolk for å starte feltarbeidet på skikkelig. Intervjuet gjekk veldig bra og me fekk veldig mykje relevant stoff til oppgåva, bar start!

Seinare på dagen reiste Ingvild og Siri inn til byen for å gå på marked. (første gang åleine i Mexico utan Jonas ;)). Det gjekk bra. Me reiste på eit stort marked der dei selde alt i frå griseføtter, klær, smykker, grasshopper til hattar. Veldig mykjer fint å sjå på og mange lukter å lukte på. Etter mykje mining og bruk av kroppspråk klarte me til og med å kjøpa ein adapter. Så møtte me Jonas for å ete middag på matmarkedet. Me bestilte kvar sin gigantisk grilla tortilla med bønner,avocado, kylling, ost, salsa og guacamole. Kjempegod middag til 20 kr.

Ellers så har me det veldig bra. Sola skin og det er omlag 30 grader. Me er fortsatt gode vener og litt mindre solbrente. Ein Corona på butikken kostar 7 kroner, livet er deilig dere!

Ingvild har fått seg meksikansk telefon, så dei som vil senda koselige meldingar kan gjerne gjere det på nr: +529512218031.

Saludes Ingvild, Siri y Jonas.

søndag 7. februar 2010

Bilder fra turen frem til nå fra slutt til start... :)

På veg opp på toppen til den store pyramiden.
Dagen blei avslutta med corona og tequila på takterassen på hostellet.
Resultatet frå dagens ufrivillige soling.
Tre flotte turistar framføre ein ganske så flott pyramide.


På veg oppover.


Siri og Jonas framføre ein av pyramidane ved Teatiuacan.

Første dag i sola!






Vi våknet opp i et smått kaldt rom, og pakket med oss ekstra gensere og diverse for å dra og se pyramidene utenfor Mexcio by. Etter å ha kjempet oss gjennom t-bane-systemet kom vi omsider til bussholdeplassen, hvor vi fant en buss som tok oss ut dit vi ville. Bussturen var preget av den hinsides ekstreme trafikken som regjerer her, samt slumbebyggelsen som ingen ende vil ta. Etter en drøy time kom vi ut til pyramidene som ikke var så kalde som vi hadde fryktet, men derimot badet i brennende solskinn. De urgamle byggene var svært imponerende, og vi koste oss i sommerværet som vi ikke hadde sett på lenge. Utsikten var fantastisk, og vi følte oss som ekte turister. Da vi kom på t-banen så vi hvilken katastrofal effekt den meksikanske sola hadde på den hvite huden vår. Resten av kvelden tilbrakte vi på herbergets takterasse hvor vi nøt Corona og Tequila til den store gullmedalje. Hva dagen i dag vil bringe er litt usikkert, men den skal tilbringes i skyggen! Det hviskes i krokene om Frida Cahlo-museet..

lørdag 6. februar 2010

Fremme og uthvilte!

Da kan vi gledelig meddele at vi er fremme der hvor vi skal bo i Mexico City, og at vi er uthvilte! Reisen i går var en prøvelse som resulterte i tre umenneskelig trøtte studenter. Vi stod opp i Oslo klokka fire om natta, og var fremme på herberget vårt i Mx by rundt tre om natta norsk tid. Selve reisen gikk knirkefritt og var preget av en mengde filmer, lite søvn og gratis rødvin.Vi la oss omtrent med en gang, og fikk dratt ut natta sånn at vi nå ca er i tråd med mexikansk tid. Klokka i skrivende stund er åtte, og vi er på vei ned for å spise frokost der hvor vi bor. Hva vi skal gjøre med resten av dagen er uvisst, men det er mulig vi skal ut av byen og se på noen ruiner(pyramider). Kanskje får vi lagt ut noen bilder fra reisen og den første dagen her i løpet av kvelden. Koz, Ingvild, Siri og Jonas.
PS! Ingvild er ikke tilgjengelig på mobilen sin her. Det er Jonas og Siri, men fremdeles på norsk sim-kort, så ringing og melding er gruelig dyrt.

onsdag 3. februar 2010

Reisefeber

Nå sitter vi på skolen og nyter pausen mellom to forelesninger. Dette er den nest siste dagen vår med vinter, før vi drar ned til sommer og sol. Når vi kommer tilbake fra Mexico er det vår i Norge. Ha ha! Vi grugleder oss veldig (veier ikke gruing og gleding opp for hverandre?)! Vi gleder oss til å bo på hotell i en måned, drikke meksikansk øl og tequila, nyte sommervær og feltarbeid, men vi gruer oss til magesjau, narkotikakrig, flyturer og savn. Vi blågges! I, S & J