torsdag 11. februar 2010

Framme i Oaxaca!



Tirsdag tilbrakte me seks og ein halv lange timar i ein ganske så flott buss på veg frå Mexico by til Oaxaca. Bussturen var prega av snorkande meksikanarar, fin natur, kjedelig natur, eit hav av kaktusar og ein film om ein sjøorm dubba til spansk. Då me endeleg kom fram til Oaxaca var det mørkt og me var ganske slitne. Me fann vegen til hotellet som var over alle forventningar og vart møtt av ei koseleg dame som snakka masse spansk til oss. Me nikka og sa "si", utan heilt å vite kva me sa ja til, mest fordi "si" er eit av dei få spanske ordene me kan. Det gjekk iallefall bra og Ingvild og Jonas fekk prøvd ut ein lokal delikatesse før dei la seg. Kokt mais med majones, meksikansk ost, chili og lime. Nam!
Dagen etter våkna me tidleg, drog ned på butikken på hjørnet og kjøpte litt frukost. Frukosten inntok me på hotellet sin fantastisk flotte takterasse med sol og utsikt over heile Oaxaca. Etter frukost kom Eduardo som er feltarbeid-kontakten vår. Han snakka litt om byen, gav oss tips og liknande. Etter det møtte me tolkane som me skal bruke på feltarbeidet.(veldig spennande).

Så tok me turen ned mot sentrum av Oaxaca by for å utforska og å bli litt kjent i byen som skal vere heimen vår i 5 veker. Me kan ikkje sei anna enn at me vart positivt overraska. Byen er rett og slett vakker. Med fargerike bygg, brustein-gater, smilande meksikanarar og historiske bygningar.

På kvelden møtte med Eduardo igjen for å snakka litt om temaet for feltarbeidet. Han hadde arrangert eit intervju for oss dagen etter allereie, og me kjente på nervøsiteten og måtte starte å førebu oss litt.

Jonas vart den heldige til å leie intervjuet som var med ein antropolog som jobbar med utdanning for urbefolkning i Oaxaca. Litt skjelvne drog me torsdag morgon saman med tolk for å starte feltarbeidet på skikkelig. Intervjuet gjekk veldig bra og me fekk veldig mykje relevant stoff til oppgåva, bar start!

Seinare på dagen reiste Ingvild og Siri inn til byen for å gå på marked. (første gang åleine i Mexico utan Jonas ;)). Det gjekk bra. Me reiste på eit stort marked der dei selde alt i frå griseføtter, klær, smykker, grasshopper til hattar. Veldig mykjer fint å sjå på og mange lukter å lukte på. Etter mykje mining og bruk av kroppspråk klarte me til og med å kjøpa ein adapter. Så møtte me Jonas for å ete middag på matmarkedet. Me bestilte kvar sin gigantisk grilla tortilla med bønner,avocado, kylling, ost, salsa og guacamole. Kjempegod middag til 20 kr.

Ellers så har me det veldig bra. Sola skin og det er omlag 30 grader. Me er fortsatt gode vener og litt mindre solbrente. Ein Corona på butikken kostar 7 kroner, livet er deilig dere!

Ingvild har fått seg meksikansk telefon, så dei som vil senda koselige meldingar kan gjerne gjere det på nr: +529512218031.

Saludes Ingvild, Siri y Jonas.

3 kommentarer:

  1. Eg like den svært detaljerte gjennomgangen her, Ingvild. Savne litt meir om korleis de kom dekan til markedet: Buss? Taxì? Gjekk de?
    Kva kostar lime'n?
    Brukar ein kniv og gaffel i Mexico?
    No skal eg gå og leve det spennande livet mitt, skal lese 500 sider om ma telegrafen sin utvikling. Klarar nesten ikkje rive meg laus for å gå på do ein gong.

    SvarSlett
  2. Eg gledar meg til du kjem heim med eit kilo griseføtter! Håpar ikkje du vert stoppa i tollen, er vel kanskje litt riski med tanke på svineinfluensa.. eller kanskeje det var noko heilt anna.. Eg elske å lesa gamle rapporta frå forsvaret.. Men eg trur kanskje at telegrafens utvikling er litt verre.. :S

    Håpar de koser dekan der nede, og at du får brukt for reiseheftet ditt Ingvild (for du har vel hugsa å ta det med hmm?? )

    SvarSlett
  3. Søte små!
    Hehe, kan godt laga det neste blogginnlegget endå litt meir detaljert for deg, Helga :)
    Kos deg med telegrafens historie.

    Renate mi, sjølvsagt har eg med heftet mitt. Har allerede sett på fleire gonger.

    SvarSlett